Kva, Korleis, Kvifor: Snuff

in #norway7 years ago


Eg har ikkje mange laster her i livet.

Øl drikk eg ikkje, og festing blir det lite av med 3,5 ungar å ta seg av. Det næraste eg kjem gambling er ein og annan lottokupong. Med 3 damer i hus, 1 vaksen og 2 små, har eg heller ingen planar om å finne fleire av desse kvinneskapningane på byen. Snop har eg kutta ut, og røyk gav eg opp i ung alder, så kva skal ein til med då – for å skitne til sitt eige glansbilete?

Svaret er snuff.

Snuff er kverna eller pulveriserte tobakksblad som ein inhalerar via nasen. I tillegg er pulveret gjerne tilsatt smak. Effekten er at du får ein kjapp oppkvikkar av nikotinen, samt at smakstilsetninga gir deg ei god lukt i nasen.


“A pinch of snuff”. Postkort frå tidleg 1900.

Snuff er den eldste måten for å dokumentere tobakksplanta. Urbefolkninga i Brasil er dei første som vi veit med sikkerheit brukte snuff. Etter at Columbus og gjengen var borte med sine infeserte ullteppe tok dei med seg snuffen tilbake til europa, der den vart teken inn i varmen av overklassen. Sidan tok ingen ringare enn mannabeinet til sjølvaste Pochahontas, John Rolfe, med seg snuffen til Nord-Amerika og introduserte den der.


Det er dei unge, hippe som nyttar snuff.

Her i Noreg er snuffen verken utbreidd eller kjend. Om ein nyt den i offentlegheit får ein fort ganske snodige blikk frå folk som trur det er langt tyngre ting du driv med. Men etter ein lang dag, når ein endeleg har fått lagt ungane etter ein timeslang kamp, og har funne sofaen, er det herleg å kunne ta seg ein liten snuff og roe ned. Du får kjøpt snuff på spesialforretningar for tobakk, eller ein kan bestille på nettet.


Mellom knokane er mogleg.

Det er ulike måtar å ta inn snuffen på. Nokre tek ei klype mellom tommel og peikefinger, og held opp mot naseboret. Eg pleier å drysse ut litt på baksida av handa, i smileholet som kjem når ein løftar tommelen. Så legg eg nasen ned til og dreg inn. Resultatet er som nemnt at nikotinen i tobakken gir deg ein liten, kortvarig oppkvikkar. Etter dette sit du igjen med ein god “smak” i nasen. Nokon typar snuff gjer deg klårare i hovudet, andre gjer at du slappar betre av. Kan ein bli avhengig? Ja, men då må ein ta mykje og ofte. Forskning viser i tillegg at snuff er den minst skadelege måten å nyte tobakk på.

Så, då er det vel ikkje noko å lure på? Kutt ut røyk, snus og narkotika, kjøp deg heller ein boks snuff.
Du kan blandt anna bestille snuff over nettet hjå M. Sørensen her i Noreg.

Sort:  

:D Morsomt! dette husker eg vi prøvde på videregående :P
Kanskje eg skulle kjøpt meg ei dåse og prøvd :P
husker at den vi hadde då, svidde noe inni granskauen!

Det er herleeeeeeeg! Get your snuff on!

Dette husker eg og vi prøvde i ungdomen, bak et hjørne i friminuttet. Og etter det eg husker så frister det lite til gjentaking.

Då har du kanskje teke for mykje? Når du tek snuff så skal det klarne opp og gi deg ein buzz, samt ein god "smak". Dersom du tek for mykje så kan det vel ende opp som når ein tek for mykje snus feks.

Går det å få kjøpt sant noe ennå æ???

Absolutt. Sjekk M Sørensen på nett :)