You are viewing a single comment's thread from:

RE: Macrophoto -#9 - Back on the trail with small flowers in the aim

in #norway6 years ago

Hei @Gyldenhorn
I fleire floraer står det at forglemmegei kan vera vanskelege å bestemma. At denne har store blomar tyder på at det er ein engforglemmegei eller ein fjellforglemmegei (Myosotis decumbens). Begge desse artane har store blomar.
Elles merka eg meg at denne planten vaks om lag 750 m.o.h. Det kan tyda på at det er ein fjellforglemmegei. Eg la ôg merke til at du nemnde at blomane vaks i klasar frå stilken. Det kan tyda på fjellforglemmegei sidan ein flora eg brukar, viste nettopp klasar av blomar på fjellforglemmegei. No veks dei litt i klasar på dei andre artane ôg, så eg vil ikkje heilt utelukka engforglemmegei. Skulle ein bestemt dette sikkert måtte ein truleg hatt besøk av ein flink botanikar på staden der planten veks.

Med vennleg helsing
@Siggjo